Om vårt kor

Ørsta, Norge

24 Medlemmer

Info

Tid og sted for øvelsene våre
TidspunktSted

Mandager

18:00 - 20:30

Ta kontakt for mer informasjon
"Ørsta Mannskor" er heile Ørsta sitt mannskor.   Koret vart etablert i 1994 under navnet "Ørsta Lionskor" og rekrutterte då medlemmar kun frå Ørsta Lions Club.   I 2018 endra vi navn til Ørsta Mannskor og fleire kan være med.   Vi tel i dag ca. 25 medlemmar og nokre har vore med sidan starten.   Vi øver i Ørsta Frikyrkje kvar mandag kl.18,00-20.30 med kaffe og sosial drøs midt i .   Vi har som mål å opptre på alle alders- og sjukeheimar i kommuna minst to gongar i året på kvar plass utan honorar. Vi opptrer også på folkefesten 17. mai, i kyrkjene før Jul og ellers etter ynskje. Vi opptrer også ved ulike arrangement på kulturhuset anten det er eigen korkafe i lag med andre kor eller som underhaldning på eldrefestar og anna. Vi tek også på oss minikonsertar mot honorar.   Medlemmane i "Ørsta Mannskor" legg ned eit stort antal timar i året med øving og opptreden for å glede seg sjølv og andre.   Dirigent: Øyvind Granden Berg.  Styreleiar/kontaktperson:   Per Ove Leira,   Tlf. 95219725   Epost: p-oleira@online.no