Om vårt kor

Førde, Norge

30 Medlemmer

Info

Kvinnekoret Kvitre vart stifta i 2015 av heimvende sunnfjordingar som sakna korsongen frå studenttida. Koret består av 30 dedikerte kvinner mellom 25 og 55 år. Vi syng alt frå viser og bruremarsjar til pop og jazz, og har etter kvart opparbeidd oss eit variert og rikt repertoar frå inn- og utland.     Gro Gunnarson dirigerte Kvitre frå 2015 til 2021. Noverande dirigent Beth Ramfjord har leia Kvinnekoret Kvitre sidan våren 2022. Ramfjord har bakgrunn som dirigent for ei rekke studentkor og er utdanna innan musikk og drama.     Det viktigaste for oss er gleda i å skape musikk saman, og vi ønskjer at Kvitre skal vere eit varmt, inkluderande og hyggjeleg kor å syngje i. Samstundes jobbar vi hardt og har som mål å alltid strekkje oss litt lenger for å auke kvaliteten vår, og for å nå nye musikalske mål. I 2024 deltok vi i ein korkonkurranse for første gong, og kom på 2.plass i klassen for kvinnekor i Grieg International Choir Festival. I oktober 2025 deltok vi på Canta al Mar Festival Coral Internacional i Calella, Spania. Der kom vi på 1. plass i klasse B equal voices og Beth vart velfortent kåra til beste dirigent på festivalen.     Vi held normalt to konsertar i året - vårkonsert og julekonsert - og tek meir enn gjerne på oss oppdrag av ulike slag. Skal du arrangere eit stort næringslivsmøte, har du ein jubilant du vil gjere ekstra stas på, eller skal de kanskje gifte dykk? Send oss gjerne ei melding!